ROM NR. 1

GUDRUNROMMET
FUNKY RETRO

Eit rom med fargerik retro-tapet og innreidd med norske 1950-talsmøblar. Dette var stova til førre drivar av Sanden, Gudrun. Rommet, som opphavleg var bygd som kjøken på Sanden, ligg i 1. høgda og vender mot hagen. Her er dubbeltseng og lenestolar. Rommet har ettermiddags- og kveldssol i sommarhalvåret. Dette rommet kan òg hundar bu på.

ROM 13.8 m2 BAD 1.8 m2
DUBBEL ELLER ENKEL SENG
OPPREIDD MED HÅNDKLE
PRIVAT BAD MED DUSJ
FRUKOST INKLUDERT
TRÅDLAUST INTERNETT

Pris per overnatting

For oppdaterte prisar
sjekk vår online booking

Tilval

Oppreidd babyseng / 100 NOK
Splitting av dubbelseng / 100 NOK
Lading av el-bil / 200 NOK
Tillegg for hund / 200 NOK

Sanden bruker EasyNetBooking som booking system.

Praktisk informasjon

  • Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00.

    Vi har fem gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Etter førehandsavtale kan vi tilby dagleg rydding av rommet. Det er trådlaust internett på hotellet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom, sjå prisar for dei ulike romma.

    Sanden har eige brannvarslingsanlegg, og er i tillegg kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmings-moglegheiter frå alle etasjar, så gjer deg kjent med brannrømmingsplanen som finst på ditt rom.

    Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.

  • På Sanden er frokosten på nordmenn sitt vis; God kaffi, te, mjølk, jus, brødskiver, pålegg, kornblanding og litt grønt. Du kan spise frokosten i den raude salongen, i hagen eller på uteserveringa.

    Vi er ei miljøfyrtårnverksemd og har difor eit avgrensa utval av pålegg tilgjengeleg ut frå eit ønskje om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegetarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.

  • Sanden pensjonat ligg i den gamle delen av Lærdalsøyri. Vegbeskriving med kart finn du her. Det er gode parkeringsmoglegheiter rundt oss. Parkeringsområdet er markert med raude stripete liner på kartet.

    Lærdalsøyri og Sanden ligg sentralt i Sør-Noreg og me oppmodar våre gjester til å bruke miljøvenleg kollektivtransport på si reise til Lærdal. Sanden ligg 2 minutt gange frå hovudbusstoppen på Lærdalsøyri. Sjå mer detaljer her.

Lurer du på noe? Se våre ofte stilte spørsmål her. Eller ta direkte kontakt med oss, se detaljer her.

Sjå andre unike rom.