Historic Inn in Old Lærdalsøyri, Established 1897 

Open all year, Sanden is today a minihotel with five ensuite rooms. Rooms are decorated in different styles and have their own unique character. Here amongst the many old wooden houses in Lærdalsøyri we also have a small charming house to let.

Gutta på Sanden” also sell antiques and second hand furniture and a variety of interior items - in a historic, purpose built, shop in Øyragata, Oddebui.

 

Fem unike rom & eit lite hus

 

Den raude salongen

I første etasje finn du salongen, der frukosten blir servert. Salongen er innreidd som ei gamaldags bestestove med antikke møblar, nips og kunst på veggane. Salongen vår har vore både nytta som butikklokale og kafé sidan bygningen vart til på 1840-talet. Rett utanfor er det ei triveleg uteservering med utsikt mot Kongevegen og det gamle torget på Lærdalsøyri. Ønsker de ein roleg utefrukost kan de ta brettet med til den trivelige gjestehagen bak pensjonatet.

Sommaren 2022 er salongen pop-up-kafé på dagtid.

Vi er sertifisert med Miljøfyrtårn og Bærekraftig turistmål for bedrifter.

Sanden pensjonat er engasjert i miljøarbeidet for naturen sin del, men òg for lokalmiljøet vårt og for ei bærekraftig framtid. Til dette arbeidet treng Sanden pensjonat òg hjelp frå gjestene våre! Du kan gjere det ved å nytte kollektive reisemåtar, spare energi og kjeldesortere avfallet ditt under opphaldet ditt i Lærdal.

Sanden pensjonat vart den fyrste Miljøfyrtårn-verksemda i Lærdal kommune, i 2011. Miljøfyrtårn er ei norsk sertifikatordning for bærekraftig og miljøvenleg næringsdrift. Her er den nyaste klima- og miljørapporten for Sanden.

 

Samarbeidspartnarar

 

Sanden pensjonat ligg rett ved den historiske kongevegen (1793) mellom Oslo og Bergen, og er ein del av bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell.

Sanden pensjonat stør Fortidsminneforeningen sitt bygningsvernarbeid og oppmodar våre gjester om å besøke stavkyrkjene her i Sogn; Borgund stavkyrkje (1180), Urnes stavkyrkje (1130), Hopperstad stavkyrkje (1130), Undredal stavkyrkje (1200) og Kaupanger stavkyrkje (1140)

Me er medlem av reiselivssamarbeidet Visit Sognefjord og Fjord Norway

Her finn du lenka til sida vår på Tripadvisor