ROOM NO. 3
BIRDS ROOM
Small Birds and Morning Sun
Like the Royal Palace in Oslo, Sanden has its own «birds room», with queen size bed and seating area. The room has dual aspect light, and both morning and afternoon sun in the summer. View towards the garden and the fjord.
Price per night
For updated prices
please check our online booking
Additional services
Extra bed / 300 NOK
Baby bed / 100 NOK
Dividing double bed / 100 NOK
Charging of electric car / 200 NOK
Sanden bruker EasyNetBooking som booking system.
Praktisk informasjon
-
Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00.
Vi har fem gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Etter førehandsavtale kan vi tilby dagleg rydding av rommet. Det er trådlaust internett på hotellet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom, sjå prisar for dei ulike romma.
Sanden har eige brannvarslingsanlegg, og er i tillegg kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmings-moglegheiter frå alle etasjar, så gjer deg kjent med brannrømmingsplanen som finst på ditt rom.
Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.
-
På Sanden er frokosten på nordmenn sitt vis; God kaffi, te, mjølk, jus, brødskiver, pålegg, kornblanding og litt grønt. Du kan spise frokosten i den raude salongen, i hagen eller på uteserveringa.
Vi er ei miljøfyrtårnverksemd og har difor eit avgrensa utval av pålegg tilgjengeleg ut frå eit ønskje om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegetarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.
-
Sanden pensjonat ligg i den gamle delen av Lærdalsøyri. Vegbeskriving med kart finn du her. Det er gode parkeringsmoglegheiter rundt oss. Parkeringsområdet er markert med raude stripete liner på kartet.
Lærdalsøyri og Sanden ligg sentralt i Sør-Noreg og me oppmodar våre gjester til å bruke miljøvenleg kollektivtransport på si reise til Lærdal. Sanden ligg 2 minutt gange frå hovudbusstoppen på Lærdalsøyri. Sjå mer detaljer her.
Sjå andre unike rom.