
Sanden er eit lite pensjonat i den verna trehusbygda på Lærdalsøyri, midt mellom fjord og fjell. Kvart rom er innreidd i sin eigen stil, med antikke møblar, nips og kunst frå ulike tiår. Her i det tette trehusmiljøet på gamle Lærdalsøyri har me òg eit sjarmerande hus til leige.
Seks unike rom, og eit lite hus.
Me held nokre rom ope i vinter
Me held eit mindre utval rom ope for drop-in i hele vinter, gjennom nøkkelboks. Vil du leige Haakonsalongen til private samkome, eller til og med heile pensjonatet, so er det mogleg i helgene.
Yrkesreisande kan òg avtale lengre opphald – berre ta kontakt med oss!


Haakonsalongen
I første etasje finn du den raude salongen. Her blir frukost servert i sommarsesongen, og i helgane i vinterhalvåret kan du leige salongen til private middagar og sosiale samkome. Salongen er innreidd som ei gamaldags bestestove med antikke møblar, nips og kunst på veggane.
Salongen vår har vore både nytta som butikklokale og kafé sidan bygningen vart til på 1840-talet. Den raude salongen vart omdøypt til Haakonsalongen for å minne H.K.H. Kronprins Haakon Magnus sitt besøk på Sanden tysdag 26. september 2023.
Kva seier gjestene om oss?

Rolig og vakkert
"Her er det rolig og vakkert, og man kan ta med frokosten ut i hagen. Det er alle de smá bäde morsomme og vakre detaljene som for oss gior oppholdet her til noe helt spesielt og vi kommer absolutt igjen. Hyggelig vertskap og rent overalt."
— M. Elizabeth
Vennlig vertskap
"Veldig vennlig og imotekommende vertskap som har skapt et utrolig gjennomfort pensjonat med innbydende retrointerior. Flotte og rene rom med god atmosfære. Standard enkel frokost servert i nok et gjennomfort rom: felles-stuen. Egen stor og fin privat hage med gode solforhold."
— Petter H.


Sjarmerende
"Fantastisk plass med en utrolig fin beliggenhet, vertskapet var dyktige og rommet sjarmerende og koselig her ligger det kjærlighet i hver detalj"
— IS
Som hos bestemor
"Det var akkurat som å komme hjem til bestemor med flott interiør, fine antikviteter og en rolig stemning. Frokosten ble servert i "stuen" som også var innredet som om det var hos bestemor. Det er et lite og koselig pensjonat."
— Kjetil F.

Vanlege spørsmål
Kan eg lade el-bilen på Sanden?
Ja, det mogleg for overnattande gjester å lade el-bil her på Sanden. Ladaren (Easee) er plassert ved hagegjerdet. Me har kapasitet til å lade ein bil over natta. Hugs å ta med eigen ladekabel.
Høver pensjonatet for barnefamiliar?
Vi har babysenger til utleige. Gje oss ein lyd ved bestilling, og vi har har senga klar til de kjem. Utleigehuset vårt i Øyragata er elles ein favoritt blant barnefamiliar. Her er 4 faste sengeplasser (med moglegheit for fleire ekstrasenger), stove m/tv, eige kjøken og bad.
Kan me ta med hunden?
Gjester som reiser med hund er òg velkomne til Sanden pensjonat. På rom 1-2-3-4 og Ø30 kan du bestille overnatting med hund som tilleggsteneste.
Korleis er frukosten?
På Sanden er frokosten på nordmenn sitt vis; God kaffi, te, mjølk, jus, brødskiver, pålegg, kornblanding og litt grønt. Du kan spise frokosten i den raude Haakonsalongen eller i hagen.
Me er ei miljøbevisst verksemd og har difor eit avgrensa utval av pålegg tilgjengeleg ut frå eit ønskje om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegetarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.
Kan eg kansellere eller gjere endringar?
For privatpersonar er det 100% kostnadsfritt å kansellere rom som du har bestilt på Sanden pensjonat. Vi ber berre om at du informerer oss på Sanden så raskt som mogleg, når det oppstår behov for endring eller kansellering av rom. Det er heller ikkje gebyr for å endre ei rombestilling.
Korleis er romma?
Me har seks gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Det er trådlaust internett på hotellet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom.
Sanden har eige brannvarslingsanlegg, og er kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmingsmoglegheiter frå alle etasjar.
Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.
Når kan me sjekke inn? Betaling?
Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00.
Finn ro på Sanden.
Bestill eit rom og vakn opp midt i det verna trehusmiljøet på Lærdalsøyri.










