Historia til Sanden
Frå handel til hotell
Ei ny handelstid
Historia til Sanden tek til berre eit tiår etter at kjøpstadene i landet mista eineretten på å drive handel frå permanente lokale.
Bygningen vart oppført som forretning av Jan Henrik Nitter Hansen, ein velståande gjestgjevarson og landhandlar. Sanden vart bygt på 1840-talet, kloss i den nye Kongevegen mellom Oslo og Bergen. Nitter Hansen dreiv ei omfattande handelsverksemd og var òg ordførar i Lærdal på 1840- og 1850-talet.

Jan Henrik Nitter Hansen

Sanden Pensjonat i bakgrunn
Namnet Klingenberg
I 1886 sel sonen Tøger Ravn eigedomen til handelsmannen Atle P. Klingenberg. Det er etter han eigedomen får namnet Klingenberg, som han framleis ber i dag.
Klingenberg eig staden fram til 1897, då han sel vidare til Ola Sanden og kona Anna.
Sandens kafé
I 1925 arvar dottera Anna Sanden eigedomen. Det tidlegare forretningslokalet vert gjort om til Sandens kafé, og Anna byrjar òg med utleige av rom.
Ho driv kaféen og romutleiga fram til ho går bort i 1947. Etter Anna arvar slektningen Gudrun Klingenberg eigedomen. Saman med systrene Kari og Anna driv ho staden vidare under namnet Sanden pensjonat.
Gudrun held fram med drifta til 1976. Då ho døyr i 1988, arvar niesa Kirsten Grøthe uventa eigedomen.

Originalt skilt som står i resepsjonen

Nytt liv i huset
I 1993 får økonomen Jon E. Tamnes og arkitekten Hallvard Trohaug leige Sanden. Dei tek opp att romutleiga i sommarhalvåret og pustar nytt liv i den gamle eigedomen.
Fem år seinare får dei kjøpe Sanden. Eit omfattande restaureringsarbeid tek til, og pensjonatet vert litt etter litt rusta opp til hotellstandard. I dag utgjer Sanden pensjonat og nabobygningen Vaskar-Annaloftet det minste hotellet i Lærdal. Dei historiske bygningane fører vidare ein tradisjon for handel, overnatting og gjestfridom som strekkjer seg heilt tilbake til 1840-talet.
I 2000 utvida Jon og Hallvard verksemda med sal av antikvitetar og brukte gjenstandar frå ulike lokale i grannelaget.
Vanlege spørsmål
Kan eg lade el-bilen på Sanden?
Ja, det mogleg for overnattande gjester å lade el-bil her på Sanden. Ladaren (Easee) er plassert ved hagegjerdet. Me har kapasitet til å lade ein bil over natta. Hugs å ta med eigen ladekabel.
Høver pensjonatet for barnefamiliar?
Vi har babysenger til utleige. Gje oss ein lyd ved bestilling, og vi har har senga klar til de kjem. Utleigehuset vårt i Øyragata er elles ein favoritt blant barnefamiliar. Her er 4 faste sengeplasser (med moglegheit for fleire ekstrasenger), stove m/tv, eige kjøken og bad.
Kan me ta med hunden?
Gjester som reiser med hund er òg velkomne til Sanden pensjonat. På rom 1-2-3-4 og Ø30 kan du bestille overnatting med hund som tilleggsteneste.
Korleis er frukosten?
På Sanden er frokosten på nordmenn sitt vis; God kaffi, te, mjølk, jus, brødskiver, pålegg, kornblanding og litt grønt. Du kan spise frokosten i den raude Haakonsalongen eller i hagen.
Me er ei miljøbevisst verksemd og har difor eit avgrensa utval av pålegg tilgjengeleg ut frå eit ønskje om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegetarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.
Kan eg kansellere eller gjere endringar?
For privatpersonar er det 100% kostnadsfritt å kansellere rom som du har bestilt på Sanden pensjonat. Vi ber berre om at du informerer oss på Sanden så raskt som mogleg, når det oppstår behov for endring eller kansellering av rom. Det er heller ikkje gebyr for å endre ei rombestilling.
Korleis er romma?
Me har seks gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Det er trådlaust internett på hotellet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom.
Sanden har eige brannvarslingsanlegg, og er kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmingsmoglegheiter frå alle etasjar.
Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.
Når kan me sjekke inn? Betaling?
Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00.
Finn ro på Sanden.
Bestill eit rom og vakn opp midt i det verna trehusmiljøet på Lærdalsøyri.
