
Om
Huset frå 1898 var opphavleg butikk og har stove og utstyrt kjøken i 1. etg. og to soverom og eitt bad i 2. etg. Eigedomen ligg i gågata, midt på gamle Lærdalsøyri. Det er sjølvhushald, men gjester kan kjøpe frukost på Sanden etter avtale. Huset har ei dobbeltseng på kvart soverom, og moglegheit for ei ekstraseng i gangen oppe, mellom dei to soveromma. I tillegg er det ein dubbel sovesofa i stova i 1.etg.
Praktisk
Vinterope
Storleik: 80 m²
Plass til 4 gjester
Type: Hus
Oppreidd med handkle
Privat bad med dusj
Trådlaust internett
Bileter






Vanlege spørsmål
Kan eg lade el-bilen på Sanden?
Ja, det mogleg for overnattande gjester å lade el-bil her på Sanden. Ladaren (Easee) er plassert ved hagegjerdet. Me har kapasitet til å lade ein bil over natta. Hugs å ta med eigen ladekabel.
Høver pensjonatet for barnefamiliar?
Vi har babysenger til utleige. Gje oss ein lyd ved bestilling, og vi har har senga klar til de kjem. Utleigehuset vårt i Øyragata er elles ein favoritt blant barnefamiliar. Her er 4 faste sengeplasser (med moglegheit for fleire ekstrasenger), stove m/tv, eige kjøken og bad.
Kan me ta med hunden?
Gjester som reiser med hund er òg velkomne til Sanden pensjonat. På rom 1-2-3-4 og Ø30 kan du bestille overnatting med hund som tilleggsteneste.
Korleis er frukosten?
På Sanden er frokosten på nordmenn sitt vis; God kaffi, te, mjølk, jus, brødskiver, pålegg, kornblanding og litt grønt. Du kan spise frokosten i den raude Haakonsalongen eller i hagen.
Me er ei miljøbevisst verksemd og har difor eit avgrensa utval av pålegg tilgjengeleg ut frå eit ønskje om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegetarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.
Kan eg kansellere eller gjere endringar?
For privatpersonar er det 100% kostnadsfritt å kansellere rom som du har bestilt på Sanden pensjonat. Vi ber berre om at du informerer oss på Sanden så raskt som mogleg, når det oppstår behov for endring eller kansellering av rom. Det er heller ikkje gebyr for å endre ei rombestilling.
Korleis er romma?
Me har seks gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Det er trådlaust internett på hotellet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom.
Sanden har eige brannvarslingsanlegg, og er kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmingsmoglegheiter frå alle etasjar.
Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.
Når kan me sjekke inn? Betaling?
Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00.
Finn ro på Sanden.
Bestill eit rom og vakn opp midt i det verna trehusmiljøet på Lærdalsøyri.
