Historisk overnattingsstad på gamle Lærdalsøyri, etablert i 1897
Sanden er i dag eit heilårsope minihotell med seks duble rom med bad. Romma er innreidd i ulike stilar og har kvar sin personlegdom. Her i det tette trehusmiljøet på gamle Lærdalsøyri har me òg eit sjarmerande hus til leige.
“Gutta på Sanden” driv òg handel med brukte møblar og inventar, krustøy og glas - i ei historisk krambu i Øyragata, Oddebui.
Seks unike rom & eit lite hus
Den raude salongen
I første etasje finn du salongen, der frukosten blir servert. Salongen er innreidd som ei gamaldags bestestove med antikke møblar, nips og kunst på veggane. Salongen vår har vore både nytta som butikklokale og kafé sidan bygningen vart til på 1840-talet. Rett utanfor er det ei triveleg uteservering med utsikt mot Kongevegen og det gamle torget på Lærdalsøyri. Ønsker de ein roleg utefrukost kan de ta brettet med til den trivelige gjestehagen bak pensjonatet eller til kaféborda mot gata.
Vi er sertifisert med Miljøfyrtårn og Bærekraftig turistmål for bedrifter.
Sanden pensjonat er engasjert i miljøarbeidet for naturen sin del, men òg for lokalmiljøet vårt og for ei bærekraftig framtid. Til dette arbeidet treng Sanden pensjonat òg hjelp frå gjestene våre! Du kan gjere det ved å nytte kollektive reisemåtar, spare energi og kjeldesortere avfallet ditt under opphaldet ditt i Lærdal.
Sanden pensjonat vart den fyrste Miljøfyrtårn-verksemda i Lærdal kommune, i 2011. Miljøfyrtårn er ei norsk sertifikatordning for bærekraftig og miljøvenleg næringsdrift. Her er den nyaste klima- og miljørapporten for Sanden.
Samarbeidspartnarar
Sanden pensjonat ligg rett ved den historiske kongevegen (1793) mellom Oslo og Bergen, og er ein del av bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell.
Sanden pensjonat stør Fortidsminneforeningen sitt bygningsvernarbeid og oppmodar våre gjester om å besøke stavkyrkjene her i Sogn; Borgund stavkyrkje (1180), Urnes stavkyrkje (1130), Hopperstad stavkyrkje (1130), Undredal stavkyrkje (1200) og Kaupanger stavkyrkje (1140)
Me er medlem av reiselivssamarbeidet Visit Sognefjord og Fjord Norway
Her finn du lenka til sida vår på Tripadvisor