Finn vegen
heim til oss

Sanden pensjonat finn du i hjartet av den historiske trebyen på Lærdalsøyri, som ligg inst i Sognefjorden og sentralt i Sør-Noreg. Me oppmodar gjestene om å reise med miljøvenleg kollektivtransport på si reise til Øyragata 9, 6887 Lærdal

MED BUSS

Sanden pensjonat ligg 2 minutt gange frå hovudbusstoppen på Lærdalsøyri. Sjå kartet.

Det er fleire ekspressbussavgonger dagleg både til og frå Oslo/ Bergen/ Førde. Sjå Vy, Nor-way bussekspress og Skyss.

MED TOG

Det er mogleg å reise med tog frå Oslo/Bergen til Myrdal stasjon, og ta Flåmsbana til Flåm og så buss vidare til Lærdalsøyri. Sjå Vy.

MED BIL

Frå Sogndal til Lærdal tek det i underkant av 1 time. Frå Bergen tek det ca. 3 timar. Fra Oslo tek det ca. 4 timar.

Sjå kartet nedanfor for detaljert køyremønster: Køyr av ved Esso-stasjonen, og følg raud line fram til parkeringsområdet.

Det er mogleg å lade el-bil for overnattande gjester. Ladaren er plassert til høgre for resepsjonsinngangen.

MED BÅT

Frå Bergen går hurtigbåt til Leikanger/ Sogndal, og ein kan ta buss vidare til Lærdalsøyri.

MED FLY

Fly til og frå Sogndal flyplass Haukåsen. Sjå Widerøe.

MED TAXI

Reise med taxi i Lærdal. solheim.taxi@sogn.no +47 415 10 100

ZOOM INN FOR DETALJAR PÅ MINDRE SKJERMAR