E:Ofte stilte
spørsmål

 

NÅR KAN VI SJEKKE INN? BETALING?

Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00.

KAN EG KANSELLERE ELLER GJERE ENDRINGAR?

For privatpersonar er det 100% kostnadsfritt å kansellere rom som du har bestilt på Sanden pensjonat, om det skulle oppstå behov for det. Vi ber berre om at du informerer oss på Sanden så raskt som mogleg, når det oppstår behov for endring eller kansellering av rom. Det er ikkje gebyr for å endre ei rombestilling.

KORLEIS ER ROMMA?

Vi har fem gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Etter førehandsavtale kan vi tilby dagleg rydding av rommet. Det er trådlaust internett på hotellet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom, sjå prisar for dei ulike romma.

Sanden har eige brannvarslingsanlegg, og er i tillegg kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmings-moglegheiter frå alle etasjar, så gjer deg kjent med brannrømmingsplanen som finst på ditt rom.

Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.

KORLEIS ER FRUKOSTEN?

På Sanden er frokosten på nordmenn sitt vis; God kaffi, te, mjølk, jus, brødskiver, pålegg, kornblanding og litt grønt. Du kan spise frokosten i den raude salongen, i hagen eller på uteserveringa.

Vi er ei miljøfyrtårnverksemd og har difor eit avgrensa utval av pålegg tilgjengeleg ut frå eit ønskje om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegetarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.

KORLEIS FINN EG FRAM TIL SANDEN?

Sanden pensjonat ligg i den gamle delen av Lærdalsøyri. Vegbeskriving med kart finn du her.

KOR KAN EG PARKERE BIL ELLER MC?

Det er gode parkeringsmoglegheiter rundt oss. Parkeringsområdet er markert med raude stripete liner på kartet her.

KAN EG LADE EL-BILEN PÅ SANDEN?

Ja, det mogleg for overnattande gjester å lade el-bil her på Sanden. Ladaren er plassert til høgre for resepsjons-inngangen. For å låse opp for straumen, kjøper du brikke i resepsjonen.

KAN EG REISE KOLLEKTIVT TIL LÆRDAL?

Lærdalsøyri og Sanden ligg sentralt i Sør-Noreg og me oppmodar våre gjester til å bruke miljøvenleg kollektivtransport på si reise til Lærdal. Sanden ligg 2 minutt gange frå hovudbusstoppen på Lærdalsøyri. Sjå mer detaljer her.

KAN VI TA MED HUNDEN?

Gjester som reiser med hund er òg velkomne til Sanden pensjonat. På rom 1 kan du bestille overnatting med hund som tilleggsteneste.

KAN VI STIKKE INNOM FOR LUNSJ?

Ja, sommarsesongen 2022 har Healthy Pleasure kafédrift i Sanden sine lokale. Kom innom og smak på gode og sunne freistingar i stilfulle lokaler.

HØVER PENSJONATET FOR BARNEFAMILIER?

Vi har babysenger til utleige. Gje oss ein lyd ved bestilling, og vi har har senga klar til de kjem. Utleigehuset vårt i Øyragata er elles ein favoritt blant barnefamilier. Her er 6 faste sengeplasser, stove m/tv, eige kjøken og bad.

SANDEN VIL BIDRA TIL EI BÆREKRAFTIG FRAMTID

Sanden pensjonat vart den fyrste Miljøfyrtårn-verksemda i Lærdal kommune, i 2011. Vi har dokumenterte system for kontinuerleg miljøarbeid som innkjøp, avfall, energi, transport og arbeidsmiljø (helse, miljø og tryggleik). Miljøfyrtårn er ei norsk sertifikatordning for bærekraftig og miljøvenleg næringsdrift. Her er den nyaste klima- og miljørapporten.

Sanden pensjonat er engasjert i miljøarbeidet for naturen sin del, men òg for lokalmiljøet vårt og for ei bærekraftig framtid. Til dette arbeidet treng Sanden pensjonat òg hjelp frå våre gjester! Du kan medverke gjennom t.d. å nytte kollektive reisemåtar, spare energi og kjeldesortere avfallet ditt under opphaldet ditt i Lærdal.