Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg overnattingstilbod i Lærdal sentrum – heile året
Trivelig overnatting
Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg og personleg overnattingstilbod i den gamle delen av Lærdal sentrum. Sanden pensjonat vart fyrst etablert i 1897, men bygningen vart oppført allereie på 1840-talet. Pensjonatet, som er varsamt renovert og miljøsertifisert, har seks gjesterom. Alle rom har private bad. I fyrste etasje finn du salongen, som òg er frukostrom, og utanfor er ein triveleg gjestehage. Pensjonatet har ope heile året.Bu sentralt i Lærdal - midt i Fjord-Norge!
Sanden pensjonat ligg sentralt i Sogn og attraksjonane langs Sognefjorden, på Vestlandet og i Jotunheimen er lette å oppleve med utgangspunkt i Lærdal:Feriehus
Eigarane av Sanden pensjonat har òg eit eige feriehus for utleige gjennom Airbnb.com. Huset ligg i Øyragata, den gamle hovudgata i Lærdal sentrum (den er no gågate). Her er det to soverom, som har dubbeltseng og ei enkeltseng på kvart rom. Det er altso plass for 6 personar i huset. Du kan bestille feriehuset gjennom AirBnB.com.
“Great B&B” This place is fabulous. This was my favorite place to stay in Scandinavia. Close to Sognefjord by car and much more reasonably priced.

Her var det hjerterom og pensjonatet var ein plass som eg nok kjem til å reisa tilbake til.