Off

Frukostbuffeten som Sanden pensjonat vanlegvis tilbyr er mellombels suspendert grunna korona-pandemien. Me tilbyr i staden brettfrukost, som gjestane våre kan spise på rommet, ute i hagen eller i salongen (til avtala tidspunkt).

Sanden pensjonat tilbyr individuelle frokostbrett, når me ikkje har moglegheit for frukostbuffet

Vi er ei miljøfyrtårnbedrift og har difor eit avgrensa utval av pålegg ut frå eit ønske om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegitarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.