Informasjon

Om romma på Sanden pensjonat: Posted oktober 7, 2016

Off

Vi har åtte gjesterom. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på rommet. Vi kan tilby dagleg rydding av rommet, utan pristillegg. Det er trådlaust internett på pensjonatet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom, sjå prisar og detaljert informasjon her.

Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant eller kort (Axept, VISA eller MasterCard). Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 12.00. Gjester som reiser med hund er òg velkomne til Sanden pensjonat. På rom 1 og rom 3 kan du bestille overnatting med hund som tilleggsteneste.

Sanden pensjonat har eige brannvarslingsanlegg, og er i tillegg kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmingsmoglegheiter frå alle etasjer, så gjer deg kjent med brannrømmingsplanen som finst på ditt rom.

Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.

0

Det er 100% kostnadsfritt å kansellere rom som du har bestilt på Sanden pensjonat, om det skulle oppstå behov for dette. Det er heller ikkje gebyr for å endre ei rombestilling.

Vi ber berre om at du informerer oss på Sanden pensjonat så raskt som mogleg, når det oppstår behov for endring eller kansellering av rom.

Off

Frukostbuffeten på Sanden pensjonat er tradisjonell norsk med flest mogleg økologiske og kortreiste produkt. Brødet er steinovnsbakt frå Lustrabui. Vi serverer økologiske egg, kortreist syltetøy og jus frå Lerum og økologisk mjølk. Te og kaffe er økologisk. Vi har òg kjøtpålegg, kvit ost og brunost på frokostbuffeten. Serverer òg tre sortar frukostblanding og frukt.

Vi er ei miljøfyrtårnbedrift og har difor eit avgrensa utval av pålegg ut frå eit ønske om ikkje å ha svinn. Skulle du ha særskilte behov, som til dømes matvareallergi eller ønskjer om vegansk/vegitarisk mat ordnar me det om du melder frå når du tingar rommet.

Miljøfyrtårn: Posted oktober 3, 2016

0

Sanden pensjonat fekk sitt miljøsertifikat i 2011 og vart dermed den fyrste Miljøfyrtårn-verksemda i Lærdal kommune. Vi har dokumenterte system for kontinuerleg miljøarbeid som innkjøp, avfall, energi, transport og arbeidsmiljø (helse, miljø og tryggleik). Miljøfyrtårn er ei norsk sertifikatordning for bærekraftig og miljøvenleg næringsdrift.

Sanden pensjonat er engasjert i miljøarbeidet for naturen sin del, men òg for lokalmiljøet vårt og for ei bærekraftig framtid. Til dette arbeidet treng Sanden pensjonat òg hjelp frå våre gjester! Du kan medverke gjennom t.d. å nytte kollektive reisemåtar, spare energi og kjeldesortere avfallet ditt under opphaldet ditt i Lærdal.

0

Sanden pensjonat ligg sentralt i Sør-Noreg og me oppmodar våre gjester til å bruke miljøvenleg kollektivtransport på si reise til Lærdal. Sanden pensjonat ligg 2 minutt gange frå hovudbusstoppen på Lærdalsøyri.

Kollektivtransport frå Oslo:
Det er fleire ekspressbussavgonger dagleg (www.nettbuss.no). Det er òg mogleg å reise med tog frå Oslo til Myrdal stasjon, og ta Flåmsbana til Flåm og så buss vidare til Lærdalsøyri (www.nsb.no, www.flamsbana.no).

Kollektivtransport frå Bergen:
Det er fleire bussavgonger dagleg (www.fjord1.no, www.tide.no).
Frå Bergen går hurtigbåt til Sogndal, og ein kan ta buss vidare til Lærdalsøyri (www.fjord1.no).
Det er òg mogleg å reise med tog frå Bergen til Myrdal stasjon, og ta Flåmsbana til Flåm og så buss vidare til Lærdalsøyri (www.nsb.no, www.flamsbana.no).

Kollektivtransport frå Førde:
Det er fleire bussavgonger dagleg (www.fjord1.no).

0

Brukthandelen vår, Lærdalsøyri brukt og antikk, vart 30.09.2016 historie etter å ha drive her butikk i det sjarmerande trehusmiljøet på Lærdalsøyri sidan starten i 2000.

Sal framfor butikken under Lærdalsmarknaden

Frå ein solrik Lærdalsmarknad i juni

Sanden pensjonat og handel AS kan imidlertid framleis tilby tenester som verdivurdering, rydding av bu, gjennomføring av auksjonar og arkitekttenester.

Kontakt oss for ei uforpliktande samtale på telefon 57 66 64 04 eller send ein e-post til: post@sandenpensjonat.no, eller kom innom oss på pensjonatet i Øyragata 9.

Vi har òg framleis litt sal av brukte ting på Facebooksida vår. Ta kontakt om du ser noko du likar!

[custom-facebook-feed id=brukthandelenno num=5 layout=thumb height=1500px]