Haustauksjon på Lærdalsøyri, søndag 24.september 2017

Vår neste offentlege auksjon finn stad ved Grøndalsnaustet på Løytnantsbryggja, i samband med Haustmarknaden i Lærdal, på søndag 24.september 2017. Visning frå kl 12.00, auksjonsstart kl 13.00 (til ca kl 16.00). Auksjonarius er Arve Tokvam. Her er link til oppretta arrangement på Facebook: https://www.facebook.com/events/120020375304984/permalink/120020378638317/?notif_t=like&notif_id=1505505504216654

Det blir ein Haustauksjon med varer frå dødsbu og nedlagt antikvitetshandel i Lærdal, med variert utval: Porselen og krustøy, trestolar, kommodar, kister og andre møblar, spegel, måneskinslampe, veggur, gyngestolar m.m.

Kontant betaling og kortterminal.

Nummerert auksjonsliste blir tilgjengeleg frå seinast laurdag 23.9, på Haustmarknaden.

Smakebitar frå auksjonen er lagt i dette galleriet: https://www.facebook.com/pg/Sanden-pensjonat-57547446087/photos/?tab=album&album_id=10154883223786088

Det er òg høve til å sende inn førehandsbod, til post@sandenpensjonat.no.

Frå auksjonsvilkåra: Kjøpar betalar 20 % salær på tilslagsbeløpet. Heri er inkludert evt merverdiavgift av salæret. (For bildande kunst kjem ei avgift på 5 % til Bildende Kunstneres Hjelpefond, i tillegg til salæret.) Gjenstandene vert selt som dei er ved tilslaget, og kjøpar overtek ansvaret for dei etter dette.

Auksjonarius: Arve Tokvam

Velkomen…!

Jon E Tamnes og Hallvard Trohaug

Sanden pensjonat og handel AS, Lærdal

Tlf 47669909 – post@sandenpensjonat.no

Sanden pensjonat og handel AS, tilbyr tenester som enkel verdivurdering, rydding av bu, gjennomføring av auksjonar og arkitekttenester, i tillegg til overnatting (b&b), utleige av feriehus og møterom.